![]() |
| Medlemssider | Oppslagstavla | Om byteringen | Bli medlem! |
Kva er ein bytering?
Korleis fungerer det? Kvar medlem får ein konto i byteringen. Medlemane registrerer sjølv tilboda og etterspurnadane sine på byteringen si oppslagstavle, slik at desse blir tilgjengelege for alle medlemane. Når du finn noko interessant, tek du kontakt med den som tilbyr/etterspør. Blir det handel, registrerer kjøparen at ein handel er inngått. Det avtalte beløpet overførast så frå kjøparen til seljaren sin konto. I motsetnad til ein vanleg konto er det høgst lovleg å overtrekka ein byteringkonto. (Reglane for skatteplikt er dei same om ein betaler med "lokal valuta" eller norske kroner.) Hardanger Sunnhordlandske Bytering Hardanger Sunnhordlandske Bytering vart oppretta hausten 2004. Nettsidene er utvikla av Robert Sjursen i Bergen Byttering, og omarbeidd for hardangerske forhold av Vevkjerringa Rama. Valutaeininga har me valt å kalla takk; 1 takk tilsvarer 1 krone, slik at det skal vera lett å fastsetja verdien på varer/ tenester. Det kostar 50 kroner i året å vera med , og ved innmeldinga vert saldoen sett til 1000 takk (fordi nokon må starta med å kjøpa, og vi forhindrar slik at nokon må starta med negativ saldo). Innafor byteringen kan ein ha mindre, lokale ringar, det kan vera t.d. ei bygd, eit borettslag, ein venekrins, ein skule, ein arbeidsplass eller anna. Desse mindre ringane vert definerte av medlemane sjølve. Ein handlar mest innanfor lokalringen, men alle medlemane kan handla med alle i heile Hardanger Sunnhordlandske Bytering. Andre byteringar med nettsider:
Framtiden i våre hender formidlar elles kontakt til ei rekkje byteringar rundt om i landet. Ei oversikt over desse finst på www.fivh.no/index.php?artikkelid=621 |